Sumarjobb gartneransvarlig

Arbeidsgivar:      Rubbestadneset Grendautval

Stillingstittel:      Gartnaransvarlig

Søknadsfrist:       Snarast

Ansattform:         Sumarjobb ca. 20 veker

Arbeidoppgaver:

  • Klypping av plen ein til to gongar i veka
  • Raking og fjelging
  • Gjødsling 
  • Stell/reingjering av plenklypper

Kvalifikasjonar:

Du har klypt plen heime før. Du kjenner til bruk av plenklyppar. Det er ein fordel at du har moped/scooter/bil. Litt opplæring vil bli gitt.

Løn: Kr. 500,- i veka

Søknad sendes til rubbgrenda@gmail.com. Om du har spørsmål, ta kontakt med Svein Helge Natterøy på telefon 900 25 619

Folk på Bømlo 2019

Mykje folk på besøk i teltet i dag og Arild har vel aldri steikt så mange lappar på ein gong som i dag. Været blei bra etter kvart og me slapp heldigvis regnet. Veldig fornøyd med plasseringa i år, like ved Kyrkja.

Her er link til bilda som vart vist på skjermen: Bilder

Det kjem bilder frå dagens arrangement her etter kvart.

Grendamøte

Takk til alle 115 som kom på møtet. Fantastisk positiv kveld

Takk og til LOS, UNITEC, NMEC og Bømlo Kommune for innlegg og diskusjon. Takk til Kvinne og Familielaget som laga smørbrød til alle.

Gratulera til Rune Kvernenes som fekk fyrste heidersprisen. Ny pris skal delast ut i 2019 og då inviterer RGU alle til å kome med forslag til kandidatar.

RYS/Pilotprosjektet er no kome så langt at Fylkeskommunen har skreve ein ramme avtale med UNITEC for leige av lokaler i nytt bygg på det nye industri området. Dette skal opp i Fylkestinget for endeleg godkjenning i midten av juni.

LOS Gruppen satsar på at ny overbygd dokk skal være klar om nokre år og at ein tar alt i eit byggetrinn. Da vert det behov for fleire ansatte.

Terminal bygget på kaien blir utleigt til LOS og i den forbindelse skal kommunen sandblåse og male huset. RGU har hengt opp skilt i mønet, men det skal flyttas ned på veggen etter at ein er ferdig med oppussinga.