Grendamøte

Takk til alle 115 som kom på møtet. Fantastisk positiv kveld

Takk og til LOS, UNITEC, NMEC og Bømlo Kommune for innlegg og diskusjon. Takk til Kvinne og Familielaget som laga smørbrød til alle.

Gratulera til Rune Kvernenes som fekk fyrste heidersprisen. Ny pris skal delast ut i 2019 og då inviterer RGU alle til å kome med forslag til kandidatar.

RYS/Pilotprosjektet er no kome så langt at Fylkeskommunen har skreve ein ramme avtale med UNITEC for leige av lokaler i nytt bygg på det nye industri området. Dette skal opp i Fylkestinget for endeleg godkjenning i midten av juni.

LOS Gruppen satsar på at ny overbygd dokk skal være klar om nokre år og at ein tar alt i eit byggetrinn. Da vert det behov for fleire ansatte.

Terminal bygget på kaien blir utleigt til LOS og i den forbindelse skal kommunen sandblåse og male huset. RGU har hengt opp skilt i mønet, men det skal flyttas ned på veggen etter at ein er ferdig med oppussinga.