Dugnad

Vi skal i gang med å bygge Gapahuk på grusbanen i nærleiken av Aktivitetsparken. Her treng me folk som kan være med å setje opp bygget. Vi skal og støype eit golv som bygget skal tå på.

Bømlo Kommune koster materialet.

Me kjem attende med meir informasjon om tid, men dei som kan være med kan sende oss ei melding her.

Om RGU

Visjon og mål

Som paraplyorganisasjon for lag og organisasjoner i bygda, skal me vera bygda sitt talerøyr innanfor bustad-, næring-, skule- og kultur- og fritidsinteresser i Rubbestadneset. Me ynskjer og å vera ein pådrivar i høve trivselsfremjande tiltak og aktivitetar. Me ynskjer å aktivisera innbyggjarane til å delta aktivt i utviklinga innanfor  områda og ynskjer velkomen alle som vil vera med i dette arbeidet.

Fureneset

Årsmøte 2020

Årsmøtet 2020 vart gjennomført på Teams og deltakarar var heime eller på jobb og deltok på nettet. Årsmøtet vart greit gjennomført og vedtak vart fatta med små justeringar.

Vedlagt årsmøtepapirene.